Hopp til innhold

Skal forske på flaumsikring

Dei neste fem åra skal forskarar boltre seg i fire elevar i fylket med mål om å kome fram til nye og betre flaumsikringsmetodar, det skriv Fjordingen. Det er forskingsinstitutta Uni Research Miljø LFI og Boku Wien som skal stå for forskinga i elvane Nausta, Flåmselva, Aurlandselva og Storelva i Gulen. Prosjektet er finansiert av NVE, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Prosjektet går fram til 2021, men alt i 2019 skal dei første resultata bli presenterte.