Hopp til innhold

Utan straum i Leikanger

Store delar av Leikanger er utan straum, opplyser Sognekraft. Feilen vart oppdaga klokka 13.40, og straumen er ute i området frå Njøs til fruktlageret Sognefrukt. Kommunikasjonsansvarleg i Sognekraft, Tor Yttri, opplyser at tre montørlag er ute og leitar etter feilen, og dei håpar at dette går raskt.