Til sjukehus etter brann
Ei kvinne er køyrd til Haraldsplass sjukehus i Bergen etter ein brann i ein sjumannsbustad på Byrknesøy i Gulen i natt. Brannen vart meldt inn like etter klokka halv eitt i natt, og alle bebuarane kom seg ut. Den skadde skal ha pusta inn røyk, og vart difor send vidare til sjukehuset.