Hopp til innhold

Lege handla uforsvarleg

Ein lege i Sogn har handla uforsvarleg då han skulle behandle ein pasient med alvorleg blodforgifting. Det er konklusjon i ein rapport av fylkeslege Per Stensland. Det uforsvarlege går i at ein erfaren lege ikkje gjorde sine eigne vurderingar, men i for stor grad lente seg på ein uerfaren turnuslege. Pasienten vart dårlegare etter opphaldet, og vart seinare sendt til sjukehus. Stensland seier at den erfarne legen ikkje har ytt forsvarleg helsehjelp.

Fylkeslege Per Steinar Stensland
Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord