Hopp til innhold

Reaksjonar på cruisekai på Eid

Konkurrentane til ein ny cruisehamn i Nordfjord er positive og avventande til ny Seawalk på Nordfjordeid. Direktør Kjell Fagna (bildet) hjå Nordfjord Havn vil halda seg til realitetane. – Vi får sjå korleis utviklinga blir i høve tal anløp både hjå oss og hjå dei, seier Fagna. Frode Briksdal ved Briksdal Adventure meiner derimot at fleire skip inn fjorden er bra for alle. – Trafikk avlar trafikk. Jo meir eit område har å tilby, jo meir blir det på alle, meiner Briksdal.

Kjell Fagna
Foto: Åge André Breivik