Legg vekk arbeidsulukke
Arbeidsulukka på Bryggen Panorama i Måløy i mai 2016, blir lagt vekk. Det skriv Fjordenes Tidende. Ein mann i 20-åra fekk fleire hundre kilo med fasadeplater over seg under bygningsarbeid. Lensmann Nils Bakke seier til avisa at ingenting straffbart er bevist.