Hopp til innhold

Fleire lovbrytarar stogga

Under ein kontroll på Håbakken i Lærdal vart føraren av eit norsk vogntog og firmaet meldt til politiet for grove brot på køyre- og kviletida. Også ein førar frå Polen vart meldt for det same. To varebilar vart stogga og fekk køyreforbod og påbod om avlasting då bilane var 25 prosent for tunge.