Hopp til innhold

Lågast arbeidsløyse i landet

I januar hadde Sogn og Fjordane arbeidsløyse på 1,8 prosent. Det er klart lågast i landet, skriv NAV i ei pressemelding. I tillegg var det 901 ledige stillingar i januar, noko som er det høgste talet sidan 2011. Flest ledige stillingar er det innan industriarbeid, pleie og omsorg, reiseliv og transport.