Hopp til innhold

Evakuerte skule

Elevar og tilsette på Naustdal barne- og ungdomsskule blei fredag ettermiddag evakuert fordi det tok fyr i teknisk utstyr, skriv Firda. – Handlekraftige tilsette har sløkt brannen. Det kunne nok ha utvikla seg om det ikkje vart oppdaga, seier rektor ved skulen, Gunn Marit Haugsbø til NRK.