Hopp til innhold

Fleire stogga i tungbilkontrollar

Totalt 20 førarar fekk bruksforbod, åtvaringar eller vart melde til politiet på grunna av feil på køyretøy eller brot på regelverk i kontrollar i Førde og Lærdal. Ein var meld til politiet for å ha køyrt utan kort i fartsskrivar, og politiet vart også varsla om ein som prøvde å stikke av frå kontroll. Manglande transportløyve, for lite døgnkvile, stor diesellekkasje, overlast og bremsefeil var også noko av det kontrollørane oppdaga.