Hopp til innhold

Nasjonal opplæringspris til Fjord1

Næringsminister Monica Mæland (H) delte ut prisen for årets maritime lærebedrift til Fjord1 og HR-leiar Cicilie Færestrand. Det skjedde under Haugesundkonferansen. Juryen i Stiftelsen Norsk Maritim Kompetanse (SNMK) seier Fjord1 tek inn fleire lærlinga enn dei har behov for, og syner dermed breidde og langtenkjing. Fjord1 hadde totalt 124 personar i ulike opplæringsstillingar i 2016.

Monica Mæland og Cicilie Færestrand med opplæringspris
Foto: Steinar Haugberg / Sjøfartsdirektoratet