Hopp til innhold

Mørkna ute i Vågsøy

To jenter i tenåra har mørkna ute i fjella over Måløy. Politi og Røde Kors er på veg for å hjelpe dei ned. Jentene hadde vore på ein tur til Kjæretoppane, men mørkna ute på veg ned igjen. Politiet har kontakt med jentene på telefon, og jentene opplyser å vere i god form.