Hopp til innhold

Vil truleg seie nei til kystnaboar

Mykje tyder på at Bremanger vil avslå frieriet frå Flora og Vågsøy om å bli ein stor kystkommune. Det viser ein gjennomgang Fjordenes Tidende har gjort. Vågsøy vedtok i går å starte forhandlingar med Flora, og det er også sendt invitasjon til Bremanger, som ligg i midten. Men Arbeidarpartiet gjorde nyleg vedtak om å ikkje starte forhandlingar, og også Senterpartiet er skeptiske. Bremanger har fått frist på seg til 17. februar med å svare nabokommunane.