Hopp til innhold

Få bilar får vere med

På ferjesambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella blir det få bilar som får vere med på avgangane frå Rysjedalsvika i morgon tidleg klokka 06.45 og frå Rutledal klokka 07.10. Årsaka er ein spesialtransport med farleg last som skal vere med ferja.