Hopp til innhold

På veg ut av barnevernet

Leikanger kommune kan vere på veg ut av interkommunale Sogn barnevern. Gruppeleiar i Ap, Cecilie Njøs, seier til Sogn Avis at politikarane har mista tilliten til leiinga i barnenvernet. Barnevernet har i det siste måtte tole mykje kritikk, mellom anna frå fylkesmannen. Frå før har Balestrand varsla at dei er på veg ut, medan Leikanger vil behandle saka i løpet av våren.