Tøft for Thingnes Bø
Johannes Thingnes Bø skaut ni treff på dagens sprint i tyske Ruhpolding, men vart berre nummer 37. Han var nesten to minutt bak vinnar Martin Fourcade. Thingnes Bø har slite med sjukdom den siste tida og får ein ny sjanse på jaktstarten søndag.