Preikestolen på plass att
No er preikestolen i Tønjum kyrkje på plass att, skriv Sogn Avis. Det er nær to år sidan han blei fjerna og lagt på eit lager, noko som har vekte sterke reaksjonar. Men på eit møte i kyrka i november, gjekk eit klart fleirtal av dei frammøtte inn for at den omstridde preikestolen skulle få kome inn att i varmen.