Hopp til innhold

Sju månader utan førarkort

Ein nordfjording i slutten av tenåra må betale 11.000 kroner i bot og klare seg sju månader utan førarkort. Mannen vart i sommar målt til 66 km/t i ei 30-sone i Eid, men godtok ikkje denne målinga. Fjordane tingrett dømde også mannen til å betale 3.000 kroner i sakskostnader til det offentlege.