Hopp til innhold

Askvoll blant dei verste

Ambulansane i Askvoll kommune er blant dei med dårlegast responstid i Sogn og Fjordane, det skriv avisa Firda i dag. Mange innbyggjarar i øykommunen har reagert negativt på at Helse Førde har planar om skrote ambulansen i Askvoll, og i staden satse på ein felles ambulansebåt med Solund. No syner ein tabell som Helse Vest har utarbeida, at berre to kommunar i fylket har dårlegare responstid enn Askvoll, og at kommunen ligg langt bak dei nasjonale måla. Helse Førde meiner at det kjem til å betre seg med den nye ambulansebåten, men på folkemøte på øyane i Værlandet og Bulandet har øyfolket vore skeptiske til det.

Ambulansebåt Askvoll