Avklaring om Vågsøyskular tysdag
Vågsøy Arbeidarparti hadde måndag kveld møte for å bestemme om partiet skal gå inn for å legge ned Holvik og Bryggja skule, det skriv Fjt.no. Kva som kom ut av møtet vil ikkje leiar Tove Lill Refvik Volle avsløre før tysdag kveld. – Vi skal møte samarbeidspartia tysdag klokka 20:00, og vil at dei skal få informasjonen først og ikkje via media.