Frp har ikkje bestemt seg
Framstegspartiet er framleis den einaste partigruppa i Sogn og Fjordane som ikkje har bestemt seg for om dei skal røyste ja eller nei til intensjonsavtalen om Vestlandsregionen. – Seinare i dag skal gruppa treffast og bestemme seg, seier fylkesgruppeleiar Frank Willy Djuvik. Eit rådsmøte i helga rådde dei til å seie ja. Framstegspartiet sine to representantar vil mest truleg ikkje påverke utfallet av voteringa.