Ungdomen stiller krav til ny region
Ungdomspolitisk utval krev at talet på vidaregåande skular i Sogn og Fjordane blir som før, dersom Vestlandsregionen blir ein realitet. Dei meiner også at det bør haldast folkerøysting om avgjerda og at Sogn og Fjordane ikkje blir delt opp som følgje av reforma.