Stal verktøy og køyrde 200 mil
Verktøy til ein verdi av rundt 75.000 kroner vart i helga stole frå ein byggeplass på Nordfjordeid. No er tjuvgodset funne i Kirkenes i Finnmark, og ein person er arrestert, seier lensmann Tormod Hvattum i Eid til Fjordabladet. Det viser seg at ein mann har teke med seg tjuvgodset på ein køyretur på nærare 200 mil.