Hopp til innhold

Små endringar i planen for E39

Vegvesenet gjer fleire endringar i planane sine for E39 mellom Byrkjelo og Grodås etter ein høyringsrunde. Til saman kom det over femti innspel på alt frå kvar vegen burde gå til utforming av kryss og høgde på brua over Nordfjorden. Planleggingsleiar i vegvesenet Ellen Njøs Slinde er svært nøgd med innspela som er komne og fortel at endringane som er gjort er relativt små. Trasen på strekninga skal etter planen bestemmast i 2018.