Hopp til innhold

Fire førarkortbeslag på to dagar

På to dagar har politiet inndrege fire førarkort på grunn av høg fart. I ettermiddag måtte ein bilførar levere frå seg førarkortet etter å ha køyrt i 117 kilometer i timen i 80-sona. Det skjedde på Byrkjeland på E39 i Gaular. I tillegg vart det skrive ut fem forenkla føreelegg for fartsoverskridingar. Den eine av dei køyrde i 115 kilometer i timen, og var dermed nær førarkortbeslag. Det vart også delt ut eitt gebyr for manglande bruk av bilbelte.