Hopp til innhold

Tal unge uføre aukar

Talet på uføre under 30 år i Sogn og Fjordane har auka med 10,4 prosent siste året, frå 220 til 243 personar, skriv NAV i ei pressemelding. – Vi ser at det ofte er snakk om svært alvorlege diagnosar. Dette gjeld særleg dei aller yngste, seier direktør Tore Thorsnes i NAV Sogn og Fjordane. Men ser ein alle aldersgrupper under eitt, så har ikkje tal uføre auka i fylket siste året.