Hopp til innhold

Betre for Lærdal og Balestrand

Kraftkommunane gjekk på ein skattesmell med eigedomskatten 2017. No har sal av konsesjonskraft betra budsjettsituasjonen for to av dei. Balestrand tapar 1,43 mill. i eigedomsskatt, men dekker inn budsjettgapet med 1,7 mill. i meirinntekter frå sal av konsesjonskraft i 2017.
Lærdal er blant kommunane som blir hardast ramma av svikten i eigedomsskatten, men kommunen får 4,4 milionar meir enn budsjettert for sal av konsesjonskraft i 2017. – Vi gjorde ei bevisst endring av prisstrategien i vår. Og taima det perfekt. No får vi betalt for det, seier ordførar Jan Geir Solheim.