Hopp til innhold

Rune Bolseth legg opp

36-åringen er framleis lysten på å spele fotball, men erkjenner til Sogn Avis at det blir tøffare og tøffare å henge med, og at det difor var tid for å gje seg etter denne sesongen. Bolseth er den spelaren med flest kampar i Sogndal si historie, med 404 kampar. Han går over til å ha ei trenarrolle i klubben.