For få tilskodarar
Sportsleg leiar for Strømsgodset, Jostein Flo, er overraska over at Sogndal ikkje trekker fleire tilskodarar. Flo er imponert over årets Sogndal-lag, og synest dei speler underhaldande fotball. Difor meiner han at tilskodartala på Fosshaugane ikkje er høge nok. Sundag møtte 2375 tilskodarar fram for å sjå kampen mot Strømsgodset.