Hopp til innhold

Bil i fjellveggen

Ein einsleg bil har køyrd i fjellveggen på fylkesveg 57, ved Bjørvikstranda i Gaular. Det melder politiet. Ei kvinne i 50 åra er frakta til sjukehuset i Førde med ambulanse, og skadeomfanget er foreløpig ukjent. Politiet oppmodar bilistar om å køyre forsiktig på grunn av glatte vegar.