Hopp til innhold

Skal halde seg unna kol

Alfred Bjørlo og Venstre fekk med seg fylkestinget på at fylkeskommunen i sine investeringar skal halde seg unna selskap som investerer i kol og kolkraft. Senterpartiet var først usikre, men etter eit gruppemøte var dei samde. – Vi må nok alle tenkje på kva vi kan gjere for klimagassutsleppa, sa gruppeleiar i Senterpartiet Sigurd Reksnes. Forslaget vart vedteke mot framstegspartiet sine to røyster.

Alfred Bjørlo på fylkestinget
Foto: Aleksander Åsnes / NRK