Hopp til innhold

Stakk av frå kontroll

Då Statens vegvesen hadde kontroll i Førde i dag stakk ein sjåfør av. Det er mistanke om at vedkomande har falsk førarkort. Ein sjåfør vart meld for brot på køyre- og kviletid, ein var utan førarrett, ein hadde overlast og ein manglande sikring av lasta.