Godt brislingfiske
I haust er det teke 1200 tonn med brisling i Sognefjorden. Ikkje sidan 2003 har det vore så gode fangstar, seier salskonsulent Roald Oen i Norges Sildesalslag til Sogn Avis. Fisket er framleis ope, og sist tysdag vart det opna for fiske også i indre Sogn.