Hopp til innhold

Berga seg frå bilbrann

To personar kom uskadde frå det då bilen dei køyrde byrja å brenne på fylkesveg 13 over Rørvikfjellet mellom Haukedalen og Holsen i Førde. Brannen vart meldt klokka 1235. Vegen var ein periode stengd på grunn av brannen.