Hopp til innhold

Forskarar vil frede fjordsilda

Havforskingsinstituttet vil forby kommersiell fangst av sild i Sognefjorden og i Nordfjord, det skriv Sogn Avis. Forskarane viser til at det lenge har vore lokale sildepopulasjonar i dei to lange vestlandsfjordane. Dei meiner vidare at bestandane er så små og sårbare, at ein ikkje lenger bør tillate bruk av ringnot.