Hopp til innhold

Må betale etter trafikkuhell

Ein mann i 20-åra må betale 5000 kroner i bot etter eit trafikkuhell i Nordfjord i år. Mannen mista kontroll på bilen, slik at den gjekk raskt bakover i ni meter. Ei kvinne vart treft og dregen tre meter bakover av eine bildøra som var open. Kvinna fekk klemskader og vart sjukemeld i fleire veker. Mannen har godteke bota.