Hopp til innhold

Trafikkuhell i Gudvangatunnelen

E16 er stengd i Gudvangatunnelen i Aurland på grunn av eit trafikkuhell, melder Vegtrafikksentralen Vest. Politiet opplyser at det er to bilar med til saman fire personar involvert i uhellet. Den eine bilen har køyrt på den andre bakfrå. Ei kvinne er send med ambulanse til Voss sjukehus, to menn til legevakt i Aurland. Ein politipatrulje under utrykking var tilfeldigvis i Gudvangatunellen då uhellet skjedde, og dei kom først fram til skadestaden.