Hopp til innhold

Køyrde fleire timar for tidleg

Køyreturen berre fem timar etter at sunnfjordingen i 20-åra slutta å drikke, enda i trafikkuhell. Tilbakrekning frå blodprøven viste at mannen hadde ein promille på 0,8 under turen. No er han dømd til 19 dagar fengsel på vilkår. Han må også betale 10.000 i bot og klare seg 20 månader utan førarkort.