Hopp til innhold

Mørkna ute i Breheimen

Eit ektepar i 60-åra vart i går kveld meld sakna etter at dei ikkje kom heim att frå ein fjelltur til Tundradalskyrkja i Luster. I natt vart dei funne uskadde av leitemannskap frå Røde Kors, og vart med dei ned att. Ekteparet hadde ikkje kome seg ned før det vart mørkt, og planen deira var difor å sove ut til det lysna, seier politiet.