Hopp til innhold

Vil stille nynorsk som krav

Fylkestingsrepresentant Bjørn Hollevik frå Høgre kjem ikkje til å røyste for den nye Vestlandsregionen, med mindre nynorsk vert administrasjonsspråket. Det skriv avisa Firda i dag. Han likar dårleg at dei tre fylkesordførarane i Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland har vorte samde om å slå seg saman, utan å seie noko om administrasjonsspråk i avtalen. – Ein slik avtale set heile nynorsken i spel, det kan bli slutten på nynorsken, seier Hollevik til avisa.

Bjørn Hollevik
Foto: Anna Gytri / NRK