Hopp til innhold

Stakk av til Sunnmøre

Ein motorsykkel stakk av frå ein laserkontroll i Hornindal og forsvann over i Møre og Romsdal. Det melder politiet på Twitter. Politiet fekk ikkje registrert nummeret på motorsykkelen og ønskjer opplysningar om det. Til saman har tre bilistar mista førarkortet i fartskontrollar i Hornindal og Markane fredag kveld.