Hopp til innhold

15 køyrde for fort

UP hadde fartskontrollar to stader på E39 i går ettermiddag og kveld. I Gaular vart 12 fartssyndarar klokka inn med for høg fart, den mest hastige køyrde i 107 kilometer i timen i 80-sona. På Bergheim i Gloppen var det tre som køyrde for fort. Der var høgste fart 103 kilometer i timen.