Opnar ikkje i dag
Vegen ved Matbjøra på fylkesveg 610 mellom Sande og Eldalsosen blir tidlegast opna i morgon ettermiddag, melder Statens vegvesen. I natt rasa store steinar ned fjellsida og oppryddinga på vegen er no i gang. Det er førebels uklart når dette arbeidet vil vere avslutta.