Hopp til innhold

Til sjukehus etter utforkøyring

Ein kvinneleg bilførar i 20-åra vart send med ambulanse til Førde Sentralsjukehus etter eit trafikkuhell på fylkesveg 55 ved Marifjøra i Luster i går kveld. Politiet fekk melding om utforkøyringa klokka 22.39. Kvinna var åleine i bilen.