Hopp til innhold

Andenæs til meisterligaen

June Andenæs frå Gloppen har saman med handballaget sitt Glassverket teke seg vidare til meisterligaen i handball. Det er klart etter at laget søndag slo kroatiske Podravka i den avgjerande kvalifiseringskampen. Ligaen er den gjevaste turneringa for klubblag i handball. Vidare møter Andenæs og laget den tyske klubben Thüringer, franske Metz og Buducnost frå Montenegro.