Hopp til innhold

Fleire tekne i kontrollar

Under ein kontroll på Nordfjordeid onsdag kveld vart tre køyretøy stogga i kontroll. Ein hadde overlast på 3800 kilo og fekk 10 000 kroner i gebyr. Ein mangla bombrikke og fekk 8000 kroner i gebyr, medan ein tredje fekk 45 timar pålagd vekekvil. Under ein kontroll i Førde same kveld vart ein meld for transport av farleg gods og ein fekk 1100 kroner i gebyr for overlast. Fire fekk bruksforbod.