Hopp til innhold

Heidersteikn til Helge Hagen

Avdelingsoverlege og sjef ved øyre-nase-hals-avdelinga i Førde, Helge Hagen, får heidersteikn frå Legeforeningen. Utmerkinga Selepinnen får han mellom anna for sitt arbeid med å rekruttere yngre, lokale legar heim til fylket og at han har bygd opp ei fagleg sterk avdeling.