Hopp til innhold

Heggø på topp i første runde

Ingrid Heggø (Høyanger) toppar stortingslista i første runde frå nominasjonsnemnda i Arbeidarpartiet. På andreplassen bryggar det til kamp mellom fylkesleiar Hilmar Høl (Årdal) og Helge Robert Midtbø (Førde). Fleirtalet vil ha Høl. No skal lokallaga seie sitt, før nemnda legg fram nytt forslag. Lista blir vedteken 5. november.

Ingrid Heggø
Foto: Privat