Fekk drapstruslar
Førde-trenar Julian Madsen har fått anonyme drapstruslar på sosiale medium, det skriv Firda. Truslane har kome frå kontoar som openbart er falske seier Madsen, som sjølv trur dei er skrivne av unge folk som ikkje tenker seg om. Mykje har butta imot for Førde denne sesongen som står i fare for å rykke ned frå 2. divisjon.