Florø fekk bank av Førde
Damene frå Førde var overlegne då dei i går kveld gjesta Florø i andre runde av NM i handball. Då dommaren bles i fløyta etter andre omgang viste tavla 39–22 i favør gjestane frå Førde, skriv Firda. – Sjølv om kampen kan sjå lett ut på papiret, må vi ta slike kampar på alvor og gje alt, seier Førde-trenar Kristinn Gudmundsson til avisa.